Prosjektet «Gamle Aal»
I 9 år samla me tekst og bilete til bokserien Gamle Aal.
Gamle Aal 5 vart utgjeve i november 2014.
Omlag 400 personar kom innom kontoret i desse åra, dei fleste mange gonger.
Me takkar alle som har kome med bilete. Så er vår von at bøkene blir til både hygge og nytte. Til hygge for dei som leitar etter gamle slektbilete og finn dei. Til nytte for dei som vil veta meir om skikkar, arbeid og reiskap som var i bruk for lenge sidan. Og ikkje minst leggja merke til forandringane i kår og landskap på desse 140 åra som biletsamlinga omfattar.
Helsing Olav Oppsato og Sigbjørn Tormodsgard